Endeleg listeforslag i frå nominasjonskomiteen

Nominasjonskomiteen til Hordaland Arbeiderparti sender med dette ut sitt endelege forslag til stortingsvalliste for Hordaland. Forslaget er samrøystes.

original_1478641718_2421818

Nominasjonskomiteen til Hordaland Arbeiderparti sender ut sitt endelege forslag til stortingsvalliste for Hordaland.

- Nominasjonskomiteen har fått brei støtte for toppkandidatane på listeframlegget som vart sendt på høyring i organisasjonen. Difor foreslår komiteen på nytt stortingsrepresentant og tidlegare ordførar på Stord, Magne Rommetveit til 1. plassen og stortingsrepresentantane Jette Christensen og Ruth Grung på 2. og 4. plass. Dei tre stortingsrepresentantane har aller markert seg som dyktige folkevalde for Hordaland med stor arbeidskapasitet og breitt kontaktnett med veljarane som dei representerer, seier leiar av nominasjonskomiteen, Kristin Handeland.

- Komiteen er også glad for at både Eigil Knutsen og Leif Sande sine kandidatur har blitt vel motteken. Med dette laget på topp har vi alle moglegheiter til å gjere eit ein god valkamp med hovudfokus på våre viktigaste sak: Arbeid til alle, seier leiar av nominasjonskomiteen, Kristin Handeland.

- Komiteen har også fått inn endringsforslag på dyktige personar som er ynskja høgare opp på stortingslista . Vi har i komiteen vurdert alle innspela og diskutert om komiteen burde foreslå endringar. Komiteens medlemmer har konkludert med oppsluttinga rundt det første listeframlegget har brei tilslutnad. Nominasjonskomiteen legg difor fram ei samrøystes innstilling tilsvarande det første listeframlegget.

- Denne lista meiner vi er det beste laget for å representere Hordaland på stortinget, avsluttar leiar av nominasjonskomiteen, Kristin Handeland.

Forslaget vert lagt fram for nominasjonsmøtet 26. november.

For spørsmål eller kommentarar til framlegget, kan ein ta kontakt med leiar i nemnda, Kristin Handeland, på mobil 90669831.