Ny kurs for Hordaland

Ved fylkestingsvalet i Hordaland sa veljarane ifrå om at dei ønskja ein ny politikk for Hordaland. Det vil Ap, KrF og Sp innfri og partia er no samde om ein samarbeidsavtale med konkrete planar for korleis Hordaland skal verta eit enda betre fylke å bu og leva i framover.

original

Samarbeidsavtalen viser korleis partia ønskjer å dreia politikken i Hordaland, ved å satsa meir på dei store oppgåvene til fylket som handlar om eit betre kollektivtilbod, opprusting av vegstandarden og eit styrkja skuletilbod kor færre elevar droppar ut.

I dag er det mange som droppar ut av skolen. Samarbeidspartia er samde om at denne utfordringa har særs høg prioritet, og vi vil leggje fram ei sak med konkrete tiltak for å redusera fråfallet basert på kunnskap og erfaringar frå andre fylker. Dagens inntaks- og finansieringsmodell har også ein del svakheiter som partia ønskjer å gjennomgå og forbetre.

• Fråfallet i Hordaland er på over 30 prosent. Det vil sei at nesten 2 000 ungdommar av kvart årskull fell frå. Her har ikkje Høgre, Venstre og FrP lukkast. For meg har politikk alltid handla om å gje ulike menneskjer like moglegheiter til å lukkast i livet. Og akkurat derfor er kamp mot fråfall en av mine viktigaste saker, seier Anne Gine Hestetun (Ap), påtroppande fylkesordførar.

I ei tid kor vi ser at arbeidsløysa i Hordaland aukar, vil samarbeidspartia intensivere arbeidet for å styrkje fylkets eige verkemiddelapparat for å leggje til rette for nye arbeidsplassar.

• Vi vil sørgje for at fylkeskommunens rolle som regional næringsutviklar vert forbetra og spelar meir på lag med både næringslivet og kommunane. For å styrkje Vestlandet, ønsker vi å samla fleire fylker og skapa ein større og meir slagkraftig region med forventning om at dette også flyttar fleire oppgåver frå Oslo og ut til regionane. Vi ønskjer at ein vestlandsregion skal vera eit pilotprosjekt, seier Pål Kårbø (KrF), påtroppande fylkesvaraordførar.

Samarbeidspartia er samde om fortsetje utbygging av bybanen til alle bydelar og framskunde byggjestarten til Åsane. I tillegg skal sone- og takstsystemet forenklast og antal soner reduserast. Kollektivtransporten sjøvegen skal også satsast meir på dei neste åra.

• Dagens anbodssystem innanfor kollektiv må betrast, og der vil vi ta grep. Samstundes skal vi sørgje for fleire avgangar på dei mest nytta rutene i bergensregionen. Etter mykje reising i fylket veit eg også mykje om at standarden på fylkesvegane treng å forbetrast. Det vil vi no sette av ekstra midlar til der kor behovet er størst. Vi er også særs nøgd med at samarbeidspartia samde om å etablera einheitstakst for toget mellom Arna og Bergen, seier Benthe Bondhus (Sp).

I tillegg til samarbeidsavtalen mellom Ap, KrF og Sp er det etablert eit valteknisk samarbeid med SV om eit samarbeid med mål om å fremme felles budsjett. Det er også semje om følgjande utgangspunkt for fordeling av verv:

• Fylkesordførar - Arbeiderpartiet

• Fylkesvaraordførar – Kristelig Folkeparti

• Leiar i utval for Miljø- og samferdsel - Senterpartiet

• Leiar i utval for Helse Opplæring - Arbeiderpartiet

• Nestleiar i Miljø- og Samferdsel - Sosialistisk Venstreparti

• Leiar i Kultur, Idrett og Regional utvikling – Kristelig Folkeparti

• Nestleiar i Kultur, idrett og regional utvikling – Arbeiderpartiet

• Nestleiar i Helse og opplæring - Senterpartiet

• Nestleiar i kontrollutvalet – Kristelig Folkeparti

• Nestleiarar vert honorert med 10 prosent.

• Sosialistisk Venstreparti får plass i fylkesutvalet og i utval for opplæring og helse