Skule kjem først!

Framtida avhenger av ungdomen. Det er på tide med eit krafttak mot fråfall i den vidaregåande skulen.

original_1478638645_9250169

I Hordaland går rundt 18 000 ungdommar på vidaregåande skule. Det er unge som drøymer om å verta lege, røyrleggar, bonde eller noko heilt anna. Det er framtida vår som sit der som tende ljos i klasseromma.

Det er kunnskapen dei tileignar seg vi skal leva av. Elevar og lærarar gjer kvar dag ein formidabel innsats, og vi skal vera stolte over skulane våre. Men vi må aldri verta så stolte at vi seier oss nøgde, vi må aldri slutte å prøve å gjere samfunnet vårt endå betre. Velferdssamfunnet vert aldri ferdig. Vi er aldri i mål.

Høgre og Frp har styrt fylket vårt i 12 år, og resultatet er på mange måtar nedslåande. Berre vel 34 prosent av dei som startar på ei yrkesfagleg utdanning i Hordaland fullfører. Og meir generelt, under 70 prosent av dei som startar på ei vidaregåande utdanning fullfører i løpet av fem år.

Det vil seie at vi i Hordaland mistar rundt 2 000 ungdommar av kvart årskull på vegen frå ungdomsskulen til studiekompetanse og fagbrev. Det er alvorleg. For kvar og ein av dei. Men og for oss. For storsamfunnet som er så avhengig av morgondagens kloke hovud.

Akkurat no sit det ein ungdom der ute med potensiale til å verta verdas beste ingeniør. Ho er kanskje ein superelev, eller kanskje ho slit på skulen. Kanskje er ho motivert, eller kanskje har ho mista trua på seg sjølv.

Mi klåre melding til ho er dette: Eg trur du kan! Om fire år, når eg har vore fylkesordførar ein heil periode, ønskjer eg å verta målt på korleis det går med ho.

Vi nyttar meir enn 20 millionar kronar i året på tiltak mot fråfall. Ingen kan svara meg på om nokon av tiltaka verkar. Dagens situasjon er utilgjeveleg, og eg skal ikkje kvila før fråfallet i skulane våre er halvert.

Men det handlar ikkje berre om pengar og strakstiltak. Vi må lage ein betre skulestruktur. Viss eg vert fylkesordførar er det min ambisjon å gje alle elevar i Hordaland rett til å gå på nærskulen sin, og å sikra alle rett til å velje ein annan skule om dei ønskjer det. Det sikrar fridomen for alle. For eit system som berre er fritt for nokon, er ikkje fritt i det heile.

Men det er ein ambisjon som forpliktar. Skal alle ha rett til å gå på nærskulen sin, må vi sikre eit bredt nok tilbod i alle regionane våre. For meg er det eit lett val. Ein desentralisert skulestruktur er ein føresetnad for at alle skal kunne gå på nærskulen sin, men det har og ein eigenverdi. Eg vil ha levande bygder, og eg trur på eit samfunn som sikrar like rettar for ungdom frå distriktet og ungdom frå byane.

Men skule er meir enn bygg, tilbod og struktur. Vi må fylle klasseromma med innhald. Lærarane våre gjer ei fantastisk jobb kvar einaste dag. Dei treng aller minst er meir styring og kontroll frå oss politikarar. Det dei treng er meir tid og fleire kollegaer. Difor vil eg stoppe kutta i skulebudsjetta, gå vekk frå stykkprisfinansiering og sikre gode rammevilkår for skulane våre.

Vi må og gjere noko med skulehelsetenesta vår. Det er eit kommunalt ansvar, men eg meiner det er for viktig til at ikkje fylkeskommunen og skal bidra. Mellom 15 og 20 prosent av unge under 18 år har ei psykisk plage som er så alvorleg at dei slit med å fungere i kvardagen. Derfor lovar eg å bruke 10 millionar kroner i året på å tilsette skulepsykologar på dei vidaregåande skulane våre.

Fylkestingsvalet i år handlar om veg, kollektivtrafikk og tannhelse. Det handlar om regional utvikling, arbeidsplassar og næring. Men mest av alt handlar det om framtida vår. Om ungane våre.

Eg vil ha ei ny kurs og eit betre Hordaland. Det vonar eg du og vil.

Anne Gine Hestetun

Fylkesordførarkandidat