Meir satsing på kollektivtrafikk og trygge skuleveger

Koalisjonspartia Ap, KrF, Sp og SV har kommen til einigheit om budsjett for Hordaland fylkeskommune for 2018 .

Fylkeskommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon. Samstundes klarer vi å ta viktige grep for betre klima, miljø og for å sikra eit godt skuletilbod for elevane.

- Hordaland fylkeskommune har ein krevjande økonomi. Med dette budsjettet sørgjer vi for å ta økonomien i riktig retning, samstundes som vi klarer å finna midlar til å styrkje kollektivtrafikken, og sikra eit godt tilbod for ungdom i fylket vårt, seiar Anne Gina Hestetun (AP), fylkesordførar i Hordaland

- Til neste år får vi ein stor auke i bussreiser, samstundes som det vert lettare å løysa billett ved at vi reduserer talet på soner frå 470 til 7 . Dette vert ein av dei viktigaste satsingane vi gjer heile denne fylkestingperioden, seiar Pål Kårbø (KrF), fylkesvaraordførar i Hordaland.

- Vi skal redusera forfallet på vegane i Hordaland. Senterpartiet meiner det er eit nasjonalt ansvar at vegane er trygge, og vi meiner at staten må auka løyvingane, slik at vi kan redusera forfallet, seiar Bente Bondhus, gruppeleiar for Senterpartiet.

- Vi er glad for å få på plass eit tiltak for Helsehjelp til papirlause flyktningar, me gjæv her ei hand til dei som ikkje har rett til den grunnleggjande menneskeretten. Eit betra kollektivtilbod i Vest for å minka køane, er heilt naudsynt, Seiar Aud Karin Oen, gruppeleiar for SV.

- Eg er særs nøgd med at vi klarer å auka med 50 daglege bussavgangar i Bergen, at vi frysar taksten for ungdomskortet og stoppar forslaget om å ta frå ungdom på 20-21 år ungdomskortet. Samla sett styrkar vi no kollektivtrafikken i Bergen og Hordaland betydeleg, seiar Roald Kvamme, gruppeleiar i Arbeidarpartiet

Fryser taksten for barn og unge i Hordaland