Vestland Arbeidarparti er stifta!

bilde av avsmening

Laurdag 2. mars gjekk Hordaland Arbeiderparti og Sogn og fjordane Arbeiderparti over i historia. På stiftingsmøtet på Bryggen i Bergen blei Vestland Arbeiderparti skipa. Dei respektive leiarane Marte Mjøs Persen og Hilmar Høl fekk overrekt ny klubbe og bilete frå Arbeiderpartiet sin leiar, Jonas Gahr Støre. Dette er slik vi ynskjer ein samanslåing skal være, frivillig og ynskja, uttaler Jonas til årsmøta. Den reforma som ligg til grunn for dette, er lagd fram av ei regjering utan visjonar. Men Arbeiderpartiet har visjonar for Norge og Vestlandet. «Enten lykkast Vestland med omstillinga, eller så mislykkast Norge» - Sa Jonas til stiftingsmøtet. 

Vestland Arbeidarparti skal vere den største politiske krafta på Vestlandet. Arbeidarpartiet vil ta leiinga i arbeidet med å byggje sterke byar og lokalsamfunn med arbeid til alle, små skilnader og meir fellesskap. Dei store utfordringane skal vi møte i fellesskap, fordi alle skal ha dei same moglegheitene til å leve gode liv på Vestlandet – og vi må skape før vi kan dela, uttalar Mjøs og Høl til forsamlinga på Radisson denne ettermiddagen.