Vil du jobbe med det politiske arbeidet fram mot fylkessamanslåinga i 2020?

Hordaland Arbeiderparti søker ein gruppesekretær som skal arbeide tett saman med våre fylkestingsrepresentantar og vår organisasjon.

Hordaland Arbeiderparti søker ein gruppesekretær som skal arbeide tett saman med våre fylkestingsrepresentantar og vår organisasjon.

Gruppesekretær

Vi søker deg som kan politikk, organisasjon, nett og sosiale media. Vi tilbyr deg å delta i vårt arbeid med å førebu samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Du har interesse for politikk, organisasjonsutvikling, nett og sosiale media. Du har også god skriftleg formuleringsevne og gjerne erfaring frå nokre av følgjande område:  

Politikkutvikling

Organisasjon og kampanje

Digital bodskapsutforming, publisering og bruk av sosiale media

Samfunnsutvikling på Vestlandet

Du har stor arbeidskapasitet, lærer raskt og trivst i eit miljø der det er hektiske periodar. Du er engasjert, strukturert og løysingsorientert. Du har gode samarbeidseigenskapar, men jobbar også godt på eigenhand. Det må påreknast noko arbeid utanom ordinær arbeidstid.

Oppstart vil vere så snart som mogleg, og fram til fylkessamanslåinga i  2020.

Stillinga vert lønna etter landsoverenskomsten mellom HK og AAF. Spørsmål om stillinga kan rettes til fylkessekretær Anders K. Tangerås, akt@arbeiderpartiet.no, 900 37 864.

Søknad m/CV sendes til:

akt@arbeiderpartiet.no innan

mandag 30. april.