Fylkesvaraordfører

Stian Jean Opedal Davies

Eg engasjerer meg fordi eg trur på at eit betre samfunn er mogleg å skape i fellesskap. Det handlar om å gjere skulen endå betre for alle elevar, gjere kvardagen til folk litt lettare i vanskelege tider, og skape jobbar og kutte utslepp.

Stian Jean Opedal Davies

Vestland Arbeidarparti sin fylkesordførarkandidat

Eg brenn for eit meir rettferdig samfunn der alle har moglegheit til å lukkast, uansett kvar ein kjem frå eller storleiken på lommeboka til foreldra dine. Difor stiller eg som fylkesordførarkandidat i Vestland.

Vi lever i ei usikker tid der alt blir dyrare. Då må vi som er i politikken gjere det vi kan for å lette byrda for folk. Difor er rimelegare kollektivbillettar for born, ein inkluderande fellesskule for alle og ei frivilligheit som sikrar at alle kan delta, viktige saker for Arbeidarpartiet dette valet. Fellesskapet må styrkast, fordi vi er sterkare saman.

Om Vestland lukkast, så lukkast Norge. Vi har dei naturgjevne føresetnadane for å både skape verdiar som tryggar velferdsstaten, samtidig som vi kuttar utslepp og løyser klimakrisa.

Men for at folk og næringsliv skal lukkast, må vi kunne ferdast trygt på vegane våre. Altfor mange er redde for å sende borna sine til skulen fordi skulevegen er farleg eller redd for å køyre til jobb fordi det er fare for ras. Næringslivet opplever at vegane er eit hinder for utvikling, når køane er lange eller vegen er stengd. No er det på tide at Vestland får ein større del av pengane til veg, etter at Austlandet har vorte prioritert i mange år.

Skal vi skape for å dele, må vi ha meir kraft til industrien vår. Ny grøn industri får ikkje etablere seg her, fordi nettkapasiteten er for dårleg. No er det på tide med eit løft av strømnettet, slik at eksisterande industri kan utvide og ny kan etablerast.

Vi vestlendingar står overfor store oppgåver i framtida. Vi får til meir saman enn kvar for oss.

Difor håpar eg at du røyster Arbeidarpartiet ved valet 11. september.

Kort om meg

Eg er født i 1995 og bur på Askøy. Eg er fylkesordførarkandidaten til Vestland Arbeidarparti. I dag sit eg på fylkestinget for Arbeidarpartiet, der eg er leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Eg er utdanna jurist, og har erfaring frå kommunestyreverv og jobbar i organisasjonsliv og advokatbransjen.