Våre visjonar for Vestland - fylkesvalprogram 2019-2023

25.-27. januar arrangerte vi programmøte i Førde for å velge nye kandidatar og program for fylkestingsvalet i september:

Våre visjonar for Vestland

Det nye Vestland fylke har ressursane, kompetansen, engasjementet og viljen som skal til for å skape verdiar og grunnlag for å leve innhaldsrike liv. Fylket vårt skal vere ein trygg og god plass for folk å bu. Det skal vere gode offentlege tenestetilbod i alle delar av fylket, trygge arbeidsplassar og eit velutbygd vegnett med gode kollektivtilbod.

Arbeidarpartiet vil skape eit Vestland for alle. Mellom fjordar og fjell og på kysten finn du kommunar og tettstader, byar og bygder med innbyggarar som skal  arbeide saman om våre felles mål og utfordringar. Dei store utfordringane skal vi møte i fellesskap bygd på verdiane om fridom, likskap og solidaritet.

Ungdommane våre er framtidas viktigaste ressurs. Arbeidarpartiet vil ha ein skule som sikrar at alle elevar fullfører utdanninga  og der alle elevar kjenner seg sett og høyrde. Vestland skal ha den beste skulen i landet der alle elevar får den hjelpa dei treng for å møte nye utfordringar.

Lokalsamfunnet er ramma for liva våre. Vi treng gode velferdsordningar og arbeidsplassar der folk bur. Vi skal ha trygge vegar og god kommunikasjon som knyter folk i fylket vårt saman. Saman skal vi skape gode oppvekstvilkår for barn og unge. Det skal vere godt å bu på Vestlandet, uansett alder, bakgrunn eller kor i regionen du bur.

Alle skal med. Ingen skal kjenne seg utanfor eller gløymde, enten det er på jobb, i skulegarden eller i fritida. Fellesskapet gir større tryggleik og fleire moglegheiter for den enkelte når vi stiller opp for kvarandre. Vi trur på sterke fellesskapsløysingar, likestilling og at vi får til meir saman enn kvar for oss.

Les meir om våre visjonar for Vestland i programmet vårt!

Er du enig med Hordaland Arbeiderparti om Våre visjonar for Vestland - fylkesvalprogram 2019-2023?

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?



Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din tilbakemelding!



Eller se hvordan du kan påvirke vår politikk

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Tusen takk for din tilbakemelding!