Kandidat

Per Jarle Valvatne

Per Jarle er 52 år gamal og bur no i Lønningsåsen etter å ha budd mange år på Valvatna.

Han har i dag ikkje folkevalde verv men har tidlegare vore kommunestyrerepresentant og nestleiar av Forvaltningsstyret.

Per Jarle er til dagleg hovudtillitsvald for Fagforbundet i Stord kommune og Leiar av Fagforbundet Stord/Fitjar.

Per Jarle brenn for samferdslesaker, drift i eigen regi og regional utvikling. Han er oppteken av at Sunnhordland skal bli godt ivareteke i det nye Vestland fylke.

Hjartesaka er å skaffe gode kollektivløysingar for vår del av fylket.