Kandidat

Katrin Innvær Ankervold

Ei viktig sak for Katrin er å sikra eit trygt arbeidsliv, der alle som ønskjer det har ei fast stilling å gå til, ei lønn å leva av og like vilkår. Arbeidslivet er i endring, og forskjellane mellom dei som har mest og minst blir større. Desse aukande forskjellane må me stansa.

Ho brenn for at Nysæter ungdomsskule skal bli ein god skule for ungdommane våre og ein flott arena for aktivitet og idrett i Sagvåg.

Ho vil fortsatt vera ei klar stemma mot bompengefinansiering av Stordpakken og ønskjer ikkje meir nedbygging av strandsona til ferjekai.